Året er 1968. Gutane på bildet har framtida for seg. Dei er frå Hareid sentrum, og det ser ikkje ut til at verken hippietida eller venstrepolitiske straumar har nådd dei.

Dei to første til venstre er rett nok litt fyldige i hårmanken og med tidsrette smale slips, men med dressjakker og kviteskjorter kan vi ikkje anna enn å karakterisere dei som tekkelege.

Alle gutane er fødde i 1952 og fylte følgjeleg 16 år i løpet av 1968. Dei er altså over konfirmasjonsalderen. Den vesle russehua som guten til høgre har på jakkeslaget sitt, peikar mot at dei er elevar ved Hareid realskule.

Vi ser frå venstre Per Arne Bakkely, Jostein Bjørndal, Kurt Johnny Brandal (litt bak) og Arild Husøy. Også fotografen, Nils Ola Liavaag Strand, var fødd i 1952 og elev ved Hareid realskule.

Jostein Bjørndal for vide ut i verda, men enda som lærar i Volda. Fotograf Nils Ola Liavaag Strand flytta etter kvart til Nordfjordeid. Dei tre andre gutane, som i dag er pensjonistar, er framleis busette på Hareid.