– Påskekonsert har blitt ein tradisjon for dette koret, og vi håpar at vi gjennom tittelen «Alive» skal sette ramma for denne kvelden. At vi skal kunne formidle det tittelen står for gjennom rytme, rolege salmar, songar med norsk og engelsk tekst og gjennom tekstlesing. Slik ønskjer vi å formidle bodskapen om at Jesus døydde, stod opp att og at han lev for oss i dag, sa Kari-Janne Ljones Kulø, under opninga av årets påskekonsert med Gospelkoret i Ulstein kyrkje.

Flinke solistar

Koret opna konserten med «The blessing of Abraham», etterfølgt av «All because of Jesus», der Margit Lovise Holte var kveldens første solist.

Men ho var langt ifrå den einaste, og solistane var gjennomgåande svært flinke, bakka opp av resten av koret, samt flinke musikarar i Oddgeir Nygjerde på piano, Peter Nygjerde på trommer, Rune Ertesvåg på gitar og Ragnar Øvrebøe på gitar og Tord Aksnes på bass.

Kapellmeister Oddgeir Nygjerde hadde ifølgje koret sin siste konsert som fast pianist med Gospelkoret, og imponerte ikkje berre bak tangentane, men også med ei vakker framføring av «Via Dolorosa», der Line Lervik Aksnes forsterka den såre stemninga gjennom bogen som strauk vart over fiolinstrengane.

Denne gongen hadde Gospelkoret også med seg dyktige Monica Goksøyr som gjesteartist, og ho imponerte med flott stemme på «Lead me to the cross» og i tett samspel med gitarist Rune Ertesvåg.

Og mellom dei flotte framføringane roa ein det ned korte tekstsnuttar som ytterlegare tydeleggjorde tematikken i konserten.

Avslutta livleg

Medan vårkvelden mørkna utanfor kyrkja gjekk også konserten mot si natt, då koret og solist Oddlaug Grimstad Arnesen gjorde alt dei kunne for å gje publikum ei livleg avslutning på kvelden. Med «Jesus is the reason» og skikkeleg «trøkk» frå solisten vart det også skikkelege bølgjer i det svartkledde havet av koristar, og det smitta raskt over til dei som sat i kyrkjebenkane.

Gospelkoret: Påskekonserten har blitt ein tradisjon for Gospelkoret, som vert leia av Einfrid Grindheim. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes