Det er første gong Vikeparken blir brukt som konsertarena. Tidlegare har det vore store konsertar på parkeringsplassen til Amfi-senteret, men no vil både scene og publikumsområde vere i sjølve parken.

–Vi har eit godt samarbeid med både Amfi-senteret og Ørsta kommune og er sikre på at dette blir ei stor oppleving, seier Widerøe.

Årets Festspel-tema er «Songen» og Arne Moslåtten årets Festspeldiktar. Moslåtten er mest kjend for å ha skrive alle tekstane til Hellbillies, med unntak av ein. Han spelar også i gruppa. – Det var eit stort ønske at Hellbillies skulle opptre under Festspela og vi er svært glade for at dei no held opningskonserten. Billettar ligg ute for sal og det er pengar å spare på å kjøpe på førehand, avsluttar Widerøe.