I staden for å øve seg på 17.-maimarsjar kvar for seg, slår Bigset skulekorps, Hjørungavåg skulekorps og Hareid skulekorps seg saman laurdag. Det blir dermed tredobbelt musikalsk krut i Hareid sentrum denne dagen. Toppa med musikantar frå Musikklaget Melshorn og Hjørungavåg Brass vil det bli svung over fellesnummera.

Hendinga skjer om føremiddagen. Korpsa tek oppstilling på Rådhusplassen og marsjerer gjennom Kjøpmannsgata og ut til Fargerike på Ytre Hareid. På returen marsjerer dei gjennom Strandgata, og går opp i Opplevingsparken der fellesnummera blir framførde. I parken blir det matsal – og utdeling av ei økonomisk overrasking.