Ålesund strykekvartett stiller med same lag som sist dei var i Ørsta: Ai-Ling Chiu og Ove Kvangarsnes på fiolin, Linda Bønes på bratsj og Samuel Skrede på cello. Kvartetten vart oppretta i 1985, og er ein profesjonell strykekvartett med musikarar tilsett i faste stillingar. I tillegg til kvartettoppgåvene underviser musikarane ved Ålesund kulturskole.

Ove Kvangarsnes er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule, og har mellom anna spela i Filharmonisk orkester, Kringkastingsorkesteret og Den Norske Operas orkester i Oslo. Linda Bønes frå Bergen er utdanna ved Grieg-akademiet, og har allsidig praksis som frilansmusikar m.a. i Bergen Unge Kammerorkester, Cumuluskvartetten og Bergen Filharmoniske Orkester. Samuel Skrede er utdanna ved Griegakademiet i Bergen og Guildhall School of Music and Drama i London. Ai-Ling Chiu kjem frå Taiwan. Ho har utdanning frå National Taiwan Academy of Arts, University of Kansas og Högskolan för scen og musik i Gøteborg. Ho har spela i Harmonien og ved Den Nationale Scene i Bergen.

– Vi ønskjer Ålesund strykekvartett velkomne attende til Ivar Aasen-tunet, og ser fram til å høyre resultatet av samarbeidet med Bjørnar Myhr, som skulle vere godt kjend for Ørsta/Volda-publikummet, seier tunvert Ingrid Opedal. For dei som vil roe ned i kafeen før eller etter konserten vert det høve til å kjøpe nysteikte vaflar med syltetøy og rømme og god drikke.