Dugnadsgjengen bak Kultloppis i Eiksund kan klappe seg sjølve på skuldra. Årets Kultloppis vart på alle måtar vellukka.

Rikt program

Vikebladet Vestposten var til stades under loppemarknaden på dagtid, og kunne med det konstatere at besøket til årets Kultloppis var svært godt.

I år som i fjor var både gamle Eiksund skule og samlingshuset nytta for arrangementet. I skulebygget fekk besøkjande kjøpe med seg ulike lopper, som blant anna kle, musikkanlegg, instrument, dekorasjonar og mykje meir.

Samlingshuset fungerte meir eller mindre som ein stor kafe. Også skulen hadde sal av mat. Svoltne loppehandlarar kunne kjøpe pølser, kake, kaffi, brus og mykje anna godt.

I kjellaren på samlingshuset fekk born og unge måle ansiktet med ansiktsmåling. Om dei ville, kunne dei bli fotografert av hobbyfotograf Silje Birkhol frå Eiksund, som under Kultloppis hadde med seg foto- og studioutstyret sitt,

Andre ulike aktivitetar som loppeverkstad, loppeteater og loppeauksjon var med på å freiste. I tillegg hadde årets Kultloppis levande besøk i skogen av to små hestar som heiter Lilly og Celine. Desse fekk svært mykje merksemd frå borna som ville klappe dei.

Konsertkveld

Til kvelden blir det arrangert akustisk konsert med irsk, roots og bluespreg.

Bandet med Ståle Rasmussen i spissen, har sett saman eit repertoar av klassikarar frå mange store artistar. Musikarane er røynde og kjende frå fleire samanhengar. I tillegg til Rasmussen, er musikarane Øystein Djupvik, Øyvin Sønnesyn, Leif Arne Nydal og Bertil E. Tødenes. Kveldens spesielle gjest er Sindre Løvik, som er ein kjend Johnny Cash-tolkar, men som denne laurdagskvelden skal spele og syngje irsk musikk.