Kinosjef Kristine Brungot ved Sjøborg kino gler seg over at norsk film hevdar seg i konkurransen om kinosjåarane. Heile fem av dei sju mest populære filmane ved Sjøborg kino dette året er norske.

- "Hobbiten" toppar nok lista etter at vi har hatt siste framsyning i morgon, tysdag, trur Brungot. Så langt har den siste delen av trilogien, "Femhærerslaget", blitt sett av 1125 kinogjengarar, av desse har 431 fått med seg Bilbo Lommelun sine strabasar i tre dimensjonar, medan resten har sett filmen i 2D.

Men førebels tronar "Karsten og Petras vidunderlige jul" på topp med eit publikumstal på 1271. Deretter fylgjer "Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama" med 1189.

Ein anna norsk familiefilm, "Doktor Proktors prompepulver", var det 1052 som fekk med seg ved Sjøborg kino, deretter "Børning" med 1034 . Så fylgjer "The Hunger Games: Mockingjay Part 1" med 815 publikummarar og den norske "Operasjon Arktis" med 788 tilskodarar.

Også på landsplan har dei norkse filmane gjort det bra. "Hobbiten: Femhærerslaget" er mest sett, men på andre, tredje, fjerde og femte plass finn vi norske filmar, høvesvis "Børning", "Doktor Proktors prompepulver", "Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama" og "Karsten og Petras vidunderlige jul". Først på sjetteplass kjem ein utanlandsk film, nemleg "The Hunger Games: Mockingjay Part 1".