Dei 16 stubbane, kall dei gjerne noveller, er skrivne av ein mann som har noko å fortelje. Han gir glimt inn i liv og lagnad; omtanke og hjelpsemd, kjærleik, lykke og sorg hos menneska frå ei tid meir prega av kvardagsstrev, enn av fakter og fagre talar; ein kultur av få ord, men der det usagde gav meining for den som kunne lytte.

Boka er gitt ut på Osberget Forlag og Louis Hodr Røren har illustrert forteljingane med teikningar. Du kan kjøpe boka i bokhandlane, hos forlaget eller hos forfattaren sjølv.

Ottar Kaldhol vart fødd på fjellgarden Løset i Ulstein kommune i 1946 og voks opp i Kaldholen i Hareid på 1950- og 60-talet. Han har budd i Ulstein sidan 1970 og har vore fiskar og industriarbeidar, tillitsvald og politikar, både lokalt og sentralt. Mest kjend er han nok frå tida som ordførar i Ulstein og som stortingsrepresentant og statssekretær for Arbeidarpartiet.

Byrja å skrive på 1990-talet

Kaldhol byrja så smått å skrive på 1990-talet, dei åra han arbeidde i Oslo. Det hadde etter kvart vakse fram hos han ei interesse for røtene, menneske som hadde levd mykje av livet sitt før han. Då var det å gå til kjeldene; intervjue foreldra og andre som hugsa. Fleire av stubbane handlar om besteforeldre på begge sider, onklar og syskenborn og så vidare.

– Etter kvart har barneborna kome til, men i eit anna samfunn og ein annan materiell levestandard. Dei fleste unge i dag opplever at alt kan kjøpast for pengar. Så tenkte eg at eg kunne fortelje litt om korleis dei før oss hadde det. Å kjenne til korleis desse menneska levde og strevde, kan vere verdfullt og gi ei motvekt til vår materielle tid. Då eg dykka ned i dette materialet, såg eg menn og kvinner som hadde hatt eit langt meir dramatisk liv enn det eg var klar over. Eg fekk lyst til å fortelje etterkomarane mine om desse fantastiske menneska. Eg kjenner meg privilegert som har fått oppleve dei som dei var, fortel han.

Men, legg Ottar Kaldhol til, han tenkte aldri på at desse stubbane skulle bli til ei bok, og han ser seg ikkje som ein forfattar. Først og fremst var det enkeltstykke skrivne til dei som kjem etter han.

Har lese opp

Men så har han lese opp nokre av stubbane på ulike tilstellingar og fått gode tilbakemeldingar. Ei av novellene vart lesen i NRK radio, igjen med gode tilbakemeldingar. Dermed har oppmodingane kome om at stoffet burde samlast i bok, tanken har modna, og no er boka her.

Som nemnt vart Ottar Kaldhol fødd på Løset, der mor hans var frå. Ho var dotter til Sina og Adolf Løset som dreiv fjellgarden der. I jula 1949 flytte dei til eit nytt hus som far hans hadde bygd i Kaldholen. I 1970 gifte han seg med si Anne Mari og vart ulsteining.

– Besta og bestefar Løset flytte til Vik, men reiste opp igjen til fjellgarden somrane. Vi òg flytte gjerne opp dit somrane. Her var vi nær på naturen og hadde det fritt og godt, eit eldorado for ein tiåring. Eg vil seie at eg har eit like nært forhold til fjellgarden som heimen i Kaldholen, fortel han.

Fleire av novellene i boka har henta stoff for fjellgarden og liv og episodar der.

Taus kultur

Det er på mange måtar ein taus kultur Kaldhol skildrar. Menneska rann ikkje over av ord. Forfattaren krinsar litt rundt det usagde, som likevel kunne seie mykje:

– Under diskusjonane mellom karane ein søndag formiddag vart det ikkje sagt så mykje. Men kroppsspråket, måten ting vart sagt på, togna, var talande. Det var ein eigen kultur for å bruke få ord, men likevel få sagt mykje. Enkelte utvikla dette nesten til kunst, kommenterer han.

– Kva håper du med boka?

– Eg har skrive desse stykka som enkeltståande stubbar, sjølv om der er ein raud tråd mellom dei. Eg ser gjerne at folk les dei som enkeltståande historier, gjerne les dei opp igjen, oppdagar nye ting. Alle er dei skrivne med hjartet, og kanskje bør dei også lesast med hjartet. Slik håper eg folk kan få ei attkjenning, i alle fall dei i litt eldre generasjonar. Og så håper eg ungdom som les boka, skal kjenne på ei viss takksemd og respekt for den generasjonen som gjorde ein slik innsats for å gi sine kjære eit verdig liv, samtidig som dei bygde landet, seier Ottar Kaldhol.