Tysdagskvelden arrangerte Amnesty-gruppene i Ulstein og Hareid eit felles møte der temaet var flyktningar. Dette var eit tema som interesserte mange, så det vart fullt hus på Napoli på Hareid.

På møtet vart Marie Lovise Widnes beden om å lese diktet sitt "Du vesle vakre jente". Diktet vart første gongen publisert på Facebook, og har blitt delt tusenvis av gonger. Diktet er også å finne i diktboka til Widnes som kom ut ifjor.

Widnes var ikkje spurt på førehand om å lese diktet, men ho stilte sporty opp og las opp diktet medan Hallgerd Holt Conradi, leiar i Ulstein Amnesty, heldt fram diktet på ein mobiltelefon. Diktaren hausta stor applaus for diktlesinga.