Trudi og faren: Trudi Henrydotter Eikrem heldt eit gripande føredrag før førpremieren på storfilmen «Konvoi» på Sjøborg kino måndag kveld. Far hennar, Henry Urke, var ein av krigsseglarane som risikerte livet under andre verdskrig. Her ser ein Trudi vise fram eit bilde, der faren står som nummer tre frå venstre – om bord i den lokale skuta «Polaris» i 1939. I 1942 var han om bord på skuta på tur frå det kanadiske fastlandet til Baffin Island – då den blei torpedert og sokk. Heldigvis berga både han og dei 15 andre om bord livet. Men, trauma etter denne og fleire andre opplevingar prega Henry resten av livet. Han døydde berre 60 år gammal, med svært dårleg helse. Bildet er lånt av Johan Ottesen, og namna på andre lokale på bildet finn ein på side 219 i boka hans, «Båtar i Hareid - 1877 - 2009).
Faren var krigsseglar: – Han kasta utmerkingane frå Kongen i sinne