Gruppa The Crist Family består av seks medlemmar som i løpet av få år har fått eit stort publikum både i USA, og i andre land. Dei hadde sin start i 1987 der dei song i lokale kyrkjer i Seattle, Washington området.

I 2004, etter sytten år i deltidsteneste, kalla Gud dei til heiltidsteneste, ifølgje dei sjølve. Dei selde heimane sine og flytta til Knoxville, Tennessee.

Frå 2004 har Gud opna dører til å synge bodskapen om Han for tusenvis av menneske. Dei har spilt inn seks CDar og gitt ut to live DVD. I 2009 vant dei Singing News Fan Award for Horizon Group of the Year.

På ein konsert med denne gruppa vil du få oppleve at dei seks medlemmane varierer mellom solo, duett, trioar ,kvartett til seks stemte harmoniar.

Du vil få høyre alt frå klassisk Southern gospel til salmar og meir moderne gospel.

Gruppa som har besøkt Norge ein gong tidlegare vil i tidsrommet 21. - 29. august ha konsertar langs kysten frå Ålesund i nord til Kristiansand i sør, og den 22. august kan du høyre gruppa i Herøy Frikyrkje.

Ein konsertkveld med denne gruppa gir ekte glede og ein vil kjenne seg rikare når kvelden er slutt!

Billettar til konserten er lagt ut for sal på A. Sævik i Fosnavåg og Bok og Media i Ulsteinvik. Billettar vert og seld ved inngangen.