I helga var Norges Musikkorps Forbund samla til landsmøte i Kristiansand. Der vart Terje Eiken frå Ulsteinvik tildelt organisasjonen si høgste utmerking: Sølvtrompeten.
Terje Eiken har vore og er ein sentral person i korpsrørsla i Møre og Romsdal. Han er viktig for kulturlivet i regionen generelt og koprsmusikken spesielt.
Tillitsvald, lærar, dirigent og musikant.
- Terje Eiken har vore tillitsvald på mange ulike nivå: som leiar/styremedlem i det lokale korpset, som regionstyremedlem og regionleiar og som leiar og medlem av den nasjonale valkomiteen.
- Terje Eiken har også lang erfaring som dirigent for korps på ulike nivå.
- Terje Eiken kan også vise til eit stort engasjement i kulturlivet generelt, mellom anna som leiar i plannemnda for Ulstein og Hareid musikkskular, leiar i Musikkskuleutvalet i Ulstein kommune og styremedlem i Møre og Romsdal Sang og Musikkråd (NMR fylket).
- Terje Eiken kan også vise til over 30 års verksemd som musikklærar/allmennlærer ved Ulstein ungdomskule
I 2013 vart Terje Eiken utnemnd til æresmedlem i Musikklaget ULF.
Fakta om Norges Musikkorps Forbund:
Norges Musikkorps Forbund er landets største kulturorganisasjon med 60 000 medlemer fordelt på 1600 korps. Organisasjonens viktigaste oppgåve er å gjere musikkorps til ei attraktiv fritidsinteresse for alle barn, unge og vaksne. Norges Musikkorps Forbund sin visjon er Alle snakkar korps.