Sunnivakoret, med dirigent Per Oddvar ”Prots”Hildre, og Ytre Suløen, med solist Tricia Boutte, feirar inngangen til sine jubileumsår med sine tradisjonsrike nyttårskonsertar. Søndag 6. januar kjem dei til Sjøborg kulturhus.

- Forhåpentlegvis ein god dessert etter ein dryg månad med å fordøye den lekre og godt krydra hovudretten som cupfinalen verkeleg var! skriv koret i ei pressemelding.

- Takk for opplevinga og ekstra gratulasjonar til heile Hødd, kong  Kjetil og trenar Lars Arne!

Laurdag 5. januar får Brattvåg og Ingebrigt Davikhuset besøk av Sunnivakoret og det renommerte jassensemblet, medan det altså er Ulsteinvik sin tur  søndag 6. januar, i Sjøborg kulturhus, begge arenaene er nye for Sunnivakoret.

Som nemnt har både Ytre Suløen og Sunnivakoret jubileum i 2013. Y.S. har snart halde det gåande i 40 år (!), medan Sunnivakoret vil bli 10 år. I åtte av desse åra har Sunnivakoret halde nyttårskonsertar saman  i Nordfjord, på Sunnmøre og i Romsdal, eit samarbeid som inspirerer og som dei verkeleg set pris på. Det har også har resultert i andre opptredenar saman, bl. a. på dei tidlegare Sunnivafestspela i Selje, Kostarikjedagane i Syvde, samt sommarkonsertar i Sogndal og på Skei.

- Sunnivakoret og Ytre Suløen  vil gjerne halde fram med å gi gode opplevingar, denne gongen også som ein positiv start på det nye året. Og Europacupåret, som vert nok eit minnerikt år i Hødd historia!

Vi  håper  mange vil finne vegen til årets nyttårskonsertar. Og, som på Høddvoll, satsar vi på at det dukkar opp publikum også  frå omlandet rundt Det gir som regel ekstra inspirasjon!

Vi kan iallfall love ei svingande og fin konsertoppleving i starten på det nye året, lovar leiaren av Sunnivakoret, Jon-Arve Trandal.