– Det var overraskande mange flotte damer her, lo Helge då vi møtte han øvst i trappa på Sjøborg etter konserten. Han var vel nøgd med kvelden, og meinte det hadde vore god stemning heilt frå starten, noko vi kan bekrefte utan den minste tvil.

– Flø minner om Jæren

Han hadde vore på Flø tidlegare på dagen, og det overraska han ikkje at det er fine surfeforhold der ute.

– Det minner meg på ein måte litt om Jæren, dersom ein ser bort frå dei høge fjella. Eg likar meg langs kysten, og er glad i vestlandsbygder med tilgang på fjell. Han minner oss om at alle bandmedlemmene har ulike interesser, som Janove til dømes, som jobbar mykje med musikk også utanom konsertane på turnéen.

– Slik som det var no, kan eg absolutt tenkje meg å kome attende, forsikra han.

Gassmaske og skodespel

Då vi ville vite korleis han held ut gjennom så mange konsertar med gassmaska på hovudet, smilte han berre.

– Ein venner seg til det. Eg hugsar då vi spelte på Roskildefestivalen i Danmark og eg hadde sendt maska til Gjø­vik der vi skulle ha neste konsert. Eg følte meg litt naken utan, lo han.

Dei som var på konserten har utan tvil fått med seg det tøffe, kalde og – litt på sida av sinnsfriske – uttrykket Helge har på scena. På trappeavsatsen på Sjøborg fekk vi sjå noko heilt anna.

– Eg likar å ha ei rolle, fortalde han, og smilte varmt. – Eg likar å finne på mest mogleg som ikkje er heilt “normalt”, litt etter kva songar som kjem.

Pumpeorgel, piano og trekkspel

Det er desse instrumenta Helge spelar. Han måtte lære seg trekkspel etter kvart, og stod også for heftig banking på oljetønna under konserten.

– Eg likar veldig godt å spele, men øvinga er ikkje alltid like morosam. Han har spelt klassisk piano sidan han var fem år gamal, og påstod lattermildt at han var på sitt beste som tiåring.

– Sidan gjekk det berre nedover...

“I ett med verden”

Vi avsluttar med å takke for praten og spørje Helge om han har ei favorittlåt i Kaizers Orchestra.

– “I ett med verden” likar eg, sjølv om vi ikkje har spelt den låten på ei stund no. “Violeta, Violeta Volum II”- låtane er eg også godt nøgd med, smilte han.

Journalisten får ein god klem før det ber nedover trappene att.