Torsdag kveld vart Håvard Haanes (53) vald til ny styreleiar i Hødd Fotball.

Planen var at lokalavisa fredag morgon skulle troppe opp på kontoret hans i Saunesmarka for å intervjue han til Laurdagspraten. Haanes hadde lova å kome skridande over kontorgolvet med nytrekt kaffi – og «noko attåt».Men slik vart det ikkje.

Seint torsdag kveld kom det telefon om at Lufthansa var i streik, og dermed måtte Haanes, som etter planen skulle legge ut på reise fredag ettermiddag, opp i gryotta og plaskande regnvêr for å rekke første snøggbåt til Valderøy fredag morgon.

Dermed vart det intervju over telefon, under ei mellomlanding på Arlanda flyplass i Sverige.

– Kjerringa og eg skal til Tanzania på ferie. Bjørg-Allis fylte 50 år for ei tid tilbake, og eg lova henne ein skikkeleg tur. Vi skal bu i telt ute på Serengeti-sletta, og viss ikkje vi blir etne opp av løver, så kjem eg heim, tøysar han.

«Løvemat» kan han kanskje bli når han kjem heim også, viss styreleiaren og resten av styret i Hødd Fotball ikkje får skikk på seniorlaget som rykte ned frå 2. til 3. nivå no i haust.

– Det er tøffe tider. Men oppsida er større ned nedsida etter nedrykket, og eg ser optimistisk på framtida til Hødd. Det er ikkje noko lag som har vore så lenge på nest øvste nivå som Hødd, og vi skal kome tilbake, lovar han.

Rett etter årsmøtet, der Haanes vart vald med akklamasjon, sessa dei seg til styremøte. Der var det full semje om at målet er at Hødd skal vere ein del av norsk toppfotball. Haanes håper laget rykkjer opp att i løpet av eit år eller to.

Den nye styreleiaren er svært glad for meldinga som kom tidlegare i haust om at leiinga i Hødd vil satse på at det skal vere eit større innslag av lokale spelarar på fotballbana.

– Hødd er ein del av identiteten vår, og då er det viktig at der er lokale spelarar. Det står ikkje på talent. Vi må finne ein metode for å ale fleire lokale spelarar opp til toppnivå, slår han fast.

Haanes var tidlegare medeigar i Odim, som vart kjøpt opp av Rolls-Royce i 2010. Han var med i bedrifta også ei tid etter på, men er i dag dagleg leiar for Brimer på Kvamsøya.

– Det var både litt planlagt og litt tilfeldig at eg hoppa av den maritime offshorebransjen. Brimer produserer blant anna produkt til oppdrett, og det er ein vekstbransje.

Vekst eller ikkje vekst. Brimer har 45 tilsette, og har sendt ut permitteringsvarsel.

– Vi har ikkje sett permitteringane i verk. Heldigvis ser det ut til at vi klarer å halde folka i arbeid. Oppdrett er ein bransje med sesongsvingingar. Til våren har vi nok meir å styre med.

Haavard Haanes og kona Bjørg-Allis er busette i Ulsteinvik. Paret har fem barn, to tvillingpar og ein enkling. Berre dei yngste tvillingane bur heime i dag.

– Eg har eit kontor i Saunesmarka, men det er ikkje noko problem å pendle til Kvamsøya. Vi brukar ambulansebåten «Ambu». Frå Larsnes til Kvamsøya tek det berre femten minutt.

Håvard er fødd og oppvaksen i Gjerdsvika, og allereie som gutunge passa han på å kome seg til Ulsteinvik når det var kamp på Høddvoll. Og då han gjekk på Ulstein vidaregåande skule var Håvard også innom seniorlaget til Hødd.

Drivkrafta til å ta på seg styrevervet seier han er lysta til å engasjere seg.

– Etter ein del år i utlegd flytta vi tilbake til Sunnmøre i 1995. Då oppdaga eg at Hødd er ein viktig samfunnsinstitusjon og ein sosial samlingsplass for både barn og vaksne. Medan borna fekk herje på bana kunne eg snakke og ha det triveleg saman med andre vaksne.

Engasjementet trur han at har arva frå begge foreldra.

– Far dreiv butikken, skulemusikken og idrettslaget i Gjerdsvika. Han er dessverre død, men mor Anne på snart 90 er framleis vital. Håvard fortel at han er svært glad i å vere saman med familien sin, men også med kompisar.

– Eg er utruleg barnsleg, og eg likar å leike meg. Eg har ikkje lyst til å bli vaksen. Heldigvis har eg ein kompisgjeng som også er herleg barnslege.Kona hans, Bjørg-Allis frå Bergen, rosar han opp i skyene.

– Kjerringa mi er berre heilt fantastisk. At eg har fått styrt meg slik eg har villa er heilt utruleg. Med fem barn og halv stilling som sjukepleiar er det ingen tvil om at ho har hatt mykje å henge i med. Men livet har ikkje alltid gått på skjener. For om lag tre år sidan var dei gjennom ei livskrise.

– Bjørg-Allis fekk kreft, og det var sjølvsagt ei svært tøff tid for oss. Men det førte også til at vi fekk sette ting i perspektiv. Tenke over kva som er viktig og mindre viktig. Det var godt å oppdage at vi var omgitt av vener som brydde seg.

– Heldigvis har det gått bra. Og no er Bjørg-Allis irriterande sprek. Ho spring frå meg både på joggeturar og når vi går i fjellet.

Paret likar sol og varme, og har skaffa seg ei «hytte» i Alanya, Tyrkia. Der likar dei seg svært godt, og Håvard har hatt med seg Hødd på treningsleirar 5–6 gonger.

Då Håvard byrja på vidaregåande var han snar til å fortelje at han kom frå kystens perle, Gjerdsvika.

– Helga etter var det nokre medelevar som tok turen til Gjerdsvika for å sjå, men dei kom skuffa tilbake. Dei syntest der var goldt. Men eg synest det er flott i Gjerdsvika, spesielt i dårleg ver. Då blir det så tydeleg kor små vi er i den store samanhengen, og det gjeld elles i livet også. Eg prøver å vere ein OK fyr, og har tru på at vi har eit liv også etter at vi har forlate denne jorda også, seier Håvard.