Passande nok var det den store kinodagen då Musikklaget Ulf, saman med Ulsteinvik skulekorps og drilltropp inviterte til ein god time med filmmusikk på Sjøborg.

Programmet var delt i to, ein del med dei to korpsa saman, og ein del der Ulf hadde scenen for seg sjølve.

Skulekorpset og Ulf har gjennomført eit samarbeidsprosjekt med fokus på musikk og trivsel, og eit av måla med prosjektet skal vere at skulekorpset blir kjende med Musikklaget Ulf.

Laurdag spelte dei opp med kjende og kjære kjenningsmelodiar frå TV-serier og filmar, både av litt eldre og av nyare dato. Mellom anna viste Musikklaget Ulf tenner med kjenningsmelodiar frå Jurrasic Park og Haisommer, medan begge korpsa var med på mellom anna Spider-Man, Politiskulen og Løvenes konge.

Dette spelte dei:

PolitiskulenSpider-ManAn american tailFamily guy Løvenes kongePlanes

I den andre delen var det berre Musikklaget Ulf på scena:

The Muppet showJurassic ParkDynastietHaisommerBatmanThe Muppet Show (ekstra)