13. september fylte Geir Brekke frå Hareid 50 år. Fredag 15. september feira «Hareids blidaste mann» dagen på Ishavsmuseet i Brandal med middag og kakebord for familie og venner.

Til feiringa var det framskaffa ei knallraud jubileumskake med logoen til fotballklubben Manchester United. Geir var sjølvsagt den første som sette kakespada i vidunderet. Eigentleg begynte han som Everton-tilhengar, men svitsja naturleg nok over til United då nordmann etter nordmann hadde kjempesuksess der (Berg, Johnsen, Solskjær).

Under feiringa fekk Geir mange godord frå søskena sine – Torhild, Inger Lise og John Peter – og frå kompisane Lars Erling og Bjørnar Hovlid, som framførte ein jubelsong til Pippi Langstrømpe-melodien.

Jon Peter hadde laga ein qviss der Geir sine yndlingsaktivitetar vart avslørte. Dei fleste visste at han elskar puslespel, er like gammal som Tore André Flo og kronprinsparet og at han er poetisk anlagt. Inspirert av lærar Roger Wagland har han nemleg fått gitt ut ei diktbok, ei bok han las eit haustdikt frå under 50-årsfesten.

Geir er hypergod til å huske ting – og har ikkje gløymt at han ein gong las dikt framfor 500 under Hareidsstemna – og med sjølvaste Kåre Willoch i salen.

Jubilanten held hus i Hjellebakken. Han er ofte å sjå spaserande gjennom sentrumsgatene. I mange år hadde han fast jobb med å fylle hyllene på Samvirkelaget.

Under 50-årsfeiringa fekk gjestane også høyre om dei mange Syden-reisene han hadde vore med på. Som det b-mennesket han er, var han ikkje alltid så lett å få heim til hotellromet etter restaurantbesøka.

Til eit spørsmål om han er like blid heile døgnet, svarar han:

- Nei, nokre minutt om morgonen er eg litt tung. Men så kjem det seg.

Mange kommenterte at Geir før i tida såg eldre ut enn han var, men at han no som 50-åring ser yngre ut enn han er.

Det tok han med eit godt smil.