Endeleg har vi passert ”vårjamdøgn”, 20. mars; Sola stig på himmelen, og vi har hatt nokre soldagar med temperaturar over 10 plussgrader. No vil vi synge med lerke-fuglen og Per Sivle: ”Og vesle lerka ho hev det so at finn ho ein tuvetopp fri for snjo, so kved ho i med sin gladaste song ; so trur ho på vår med ein einaste gong !”

Hareid Pensjonistlag møter ein tidleg vår med å invitere til ”Vårfest” når neste møtet går av stabelen fredag 25. mars. Då vil vi by på ekstra god festmat; varmrett og gode kaker til kaffien.

Harald Grimstad vil stå for hovedposten i programmet. Han var ei tid lærar i Lebesby i Finnmark, og i samtale med folket der fekk han mange ”historier” om den kjende Lebesby-mannen og om dei dramatiske hendingane då tyskerane brende ned Finnmark i slutten av krigen. Lebesby-mannen, Anton Johansen, var ”klarsynt” og kunne fortelje kva som ville hende i nær framtid. Han sa tidleg frå då ”Titanic” forliste og varsla på førehand at 1.verds-krigen ville bryte ut. Vi får høyre at det var ikkje uten problem å ha slike spesielle evner.

Då folket i Lebesby og resten av Finnmark måtte evakuere i 1944, var der ei 17år-gamal jente som opplevde det uhyggelege dramaet. Ho har seinare skrive dikt, og Harald Grimstad vil presentere eit dikt ho skreiv om kor ho lengta tilbake til Finnmark. Harald har sett tone til diktet ”Lengsel” av Magnhild Bøgeberg, og kanskje får vi høyre Steinar og Lidvar Grimstad framføre dei 4 versa som skildrar den såre lengten  den 17år-gamle jenta hadde til heim og landskap i 1945.

Svein Smørdal har skapt feststemning for pensjonistlaget ein gong før, og han kjem att med trekkspelet sitt og vil gi friske innslag i programmet. Festlyden får også rikeleg høve til å synge mellom programpostane, og Lidvar Grimstad gjev tonefylgje på pianoet.

Det vert som vanleg åresal i matpausen.

Alle er velkomne, og vi håper at vi på nytt kan få full oppslutning om møta i Pensjonistlaget !

Styret.