Daniel Moldskred Strand

Daniel Moldskred Strand studerer no andre året populærmusikk ved NISS (Nordisk Institutt for Scene og Studio).

– Arbeidet med eigne låtar har vore veldig morosamt og lærerikt. I det siste har vi jobba veldig mykje med å arrangere ferdige låtar, noko som er både utfordrande og gøy, fortel Daniel.

– Eg ser veldig fram til konserten, som elles blir siste samspel-konserten for min del i skulesamanheng. Neste år er det to studioprosjekt, avsluttar han.

I løpet av konsertkvelden 1. desember vil fem band presentere eigne låtar i ulike sjangrar, og konserten er eit samarbeid mellom følgjande utdanningar: Lys og scene, Prosjektleiing kultur, Populærmusikk, Visuell kunst, Film og tv, Lydproduksjon og Makeup.

Daniel skal elles heim til Hareid alt i midten av desember og tar del i julebordsesongen hos Hareid Hotel 9. og 10. desember og på Rica Parken Hotell i Ålesund, 16. desember.