- Vi synest det er fint å få hjelpe til, slik at born som ikkje har det såg godt som oss, skal få det betre, seier Oline Børjesson Sørdal (9) og Ingrid Helen Løset Hauge (11).

Dei to jentene er medlemer i Hareid mini- og barnekantori.

Ein dag i veka kjem om lag 16 born til Hareid kyrkje for å synge i kor. Kantor Ida Teigene er både dirigent og pianist for dei, og Oine og Ingrid Helene fortel at det er veldig gøy å synge i kor.

- Vi får lære mange nye songar, forklarer dei.

Også litt alvor

Men akkurat no er Mini- og barnekantoriet  med på eit opplegg som også kallar på litt alvor.

Hareid kyrkjelyd har eit misjonsprosjekt i samarbeid med Det Norske Misjonsselskap. Prosjektet skal syte for at born i Thailand får ein trygg plass å bu og ei utdanning.

Basar på laurdag

Laurdag 7. mars blir det basar på Hareid bedehus, og Hareid mini- og barnekantori skal stå for det meste av opplegget.

- Vi skal synge, vi skal selje lodd under tombolaen, og saman med foreldra våre skal vi passe på at der blir nok kaker og kaffi å få kjøpt. Ja, der blir til og med servering av middag, fortel Ingrid Helen Løset Hauge.

- Vi har det så godt, og det er ikkje kjekt å høyre om at andre barn lid. Men det er kjekt å vite at vi kan hjelpe dei, seier Oline Børjesson Sørdal.

-  Ja, og så er det kjekt å  hjelpe til med noko som er fornuftig, legg Ingrid Helen til.

Pengane som kjem inn skal gå til omsorg og opplæring for barn i slummen i Bangkok. Stipend til utdanning for dei som treng det mest, og ein trygg plass å bu.