Gunnar Hamnøy talar på Ulsteinvik bedehus denne veka. Foto: Privat

Hamnøy har reist i inn og utland i ulike oppgåver knytt til Misjonssambandet i over 40 år, som forkynnar og evangelist, men også som ”brubyggjar” og prosjektmedarbeidar.

Mange har opplevd han frå talarstolen, eller som gateevangelist under jazzfestivalen i Molde. Andre kjenner kanskje namnet hans frå bedriftskontaktar, opprusting av yrkesskule i Afrika, kyrkjebygging eller som reiseleiar.

Denne vinteren er han tilsett i 50 prosent stilling som dagleg leiar i eit nyskipa firma som heiter North-South Partnership ( NSP), i tillegg til forkynnarverksemd.

- Gunnar Hamnøy har evna til å forkynne og formidle, slik at det grip dei som høyrer på. Dette gjeld både direkte frå Guds ord, men også formidling av misjon og misjonsnød, slik han har opplevd misjonsarbeidet på nært hald gjennom mange opphald på ulike kontinent, heiter det i pressemeldinga frå Misjonssambandet. Vidare:

- Han vil dele litt av dette med oss denne misjonsveka. Møteveka vert avslutta med misjonshelg, med ” Bildebrev frå Afrika” laurdagskvelden, med felles kveldsmat etter samlinga, og misjonsfest søndag. Vel møtt alle.