Olea får 10.000 kroner i kulturstipend, medan Gospelkoret som blir dirigert av Hilde Maria Nicolaisen - og som avdøde Einar Grimstad stifta for få år sidan - får 5.000 kroner. Det var under gospelkvelden søndag kveld at det talrike koret blei tildelt diplom og sjekk.

Overraska stipendvinnarar

Olea Jonsdottir Flø ante ingenting om at ho skulle få stipendet.

- Det var rett før konserten at eg fekk vite det. Det var kjempestas, sjølvsagt, men eg vart jo heilt skjelven, nærast i sjokktilstand. Dette er så utruleg stort for meg, det kan rett og slett ikkje beskrivast.

Den unge jenta fekk tildelt stipend for engasjementet sitt som musikar på fleire instrument, og til å fullføre draumen om dirigentkurs.

- Eg var sjølv til stades under jubileumskonserten i Sjøborg, då Olea fekk kulturstipendet. Eg hadde ingen tankar om at Gospelkoret skulle få stipend, så eg blei både overraska og glad då eg fekk vite dette. At vi får ein del av stipendet viser at det vi held på med betyr noko for lokalsamfunnet, uttrykte dirigent og eldsjel Hilde Maria Nicolaisen.

Spleiselag

Det var Eldar Knotten, representant for Ulstein kommune som i år hadde æra av å dele ut kulturstipend til Olea Jonsdottir Flø og Gospelkoret. Sidan 1987 har ein veksla mellom å dele ut kulturpris og stipend. I år var det det sistnemnde kategori som var aktuell. Nordea og Sparebanken Møre er med på spleiselaget i tillegg til kommunen.