Også Musikklaget Ulf og Ulsteinvik Skulekorps har konsert på kalenderen.

- Vi er glade for å kunne møtest til musikalsk fest på Sjøborg, laurdag ettermiddag, 22. oktober. Du er invitert til å få med deg dette. Vi gleder oss unge som gamle, til å spele og drille i lag i storstova Sjøborg., fortel Ann Katrin Barstad på vegner av Ulf og USK

Begge korpsa skal spele kvar si avdeling med underhaldningsmusikk, i tillegg til ei lita avdeling der alle musikarane; vaksne og unge, samlar seg til eit stort korps og drilltroppen drillar til.

- Programmet denne kvelden vert variert og underhaldande. Med musikk frå Vamp, Odd Nordstoga (ikkje den om grisen..), filmmusikk, populærmusikk, latinorytmar, feiande trommesoloar, instrumentalsolistar og mykje meir, serverer vi musikk som passar for folk i alle aldrar, avsluttar Barstad.