Nattinéen i Ulstein kyrkje er blitt ein kulturinstitusjon i seg sjølv, som grip bygdafolket på ein heilt spesiell måte. I det kyrkjeklokkene sluttar å kime rett før konserten startar, er forventningane til å ta og føle på. Kva vil vi få høyre denne gongen?

Årets julenattiné skuffa ikkje. Den baud på eit flott repertoar, fantastiske musikarar - fleire av dei profesjonelle, med imponerande merittar - og ikkje minst lokale heltar og heltinner som velvillig grip mikrofonen og underheld dei frammøtte med vakker julesong.

Det heile er sett saman med ein naturleg flyt og dramaturgi; kanskje til og med velregissert, om ein går analytisk inn i materien. Det er ei perlerad av flotte solonummer som blir toppa når Rune Sæter framfører ”Oh Holy Night”; i alle fall var dette det førebelse høgdepunktet for underteikna. Det var spontan hoiing og langvarig, taktfast trampeklapp frå publikum etter dette solonummeret, som var det siste før det obligatoriske sluttnummeret, allsong på ”Deilig er jorden”. Den toppar sjølvsagt det heile.

Allsongen ljomar - store og små syng av full hals, ståande. Det er både høgtidssamt og stemningsfullt og du får ei ubeskriveleg kjensle av å vere på rett plass til rett tid. Ei magisk kjensle av pur lykke entrar kropp og sjel - ikkje noko mindre. Vi blir løfta opp av musikarar og koristar og eit arrangement som heile tida har som ambisjon å ta oss med - kanskje litt ironisk, med tanke på tittelen, eller kanskje ikkje - til Himmelen og Guds rike. Livet på jorda er fint - det er deilig her - men likevel er det noko endå betre som ventar oss. Prektig er Guds himmel. Om vi finn frelsa, så er det der vi skal leve. Enten ein trur eller ikkje, så er det dette vi alle syng saman, i det store allsongkoret i den fullstappa kyrkja. Fellesskapskjensla i dette allsongnummeret er enormt. Det er like magisk kvar gong.

Og slik opplever vi også refleksjonane til Øyvin Sønnesyn. Denne mannen grip oss med orda sine og måten han formidlar tankane og kjenslene sine på. I år var det uunngåeleg å kome utanom korleis vi nordmenn, som folk, har takla handlingane som fann stad i Oslo sentrum og på Utøya den lange fredagen, 22. juli. Ein terror som ingen av oss kan kjenne oss att i, har funne stad i vårt elska land, og vi må bekjempe hatet hendingane representerer på vårt eige vis. Med meir nestekjærleik, omsorg, varme, forbrødring, toleranse, demokrati og openheit.

På vegner av alle i ulsteinsamfunnet, takk til Øyvin, Jan, Ståle, Runa, Beate, Ann Kristin og alle dei andre som brukar tid på å gjere julenattinéen til den høgtidssame festen den er.

Så blei det jul i Ulstein i år også!

Mia Constance Årdal Årdal framførte Find my way to Betlehem Foto: Gunnar Wiik
Martin Ingjerd framførte "MItt Land". Foto: Gunnar Wiik
Rune Sæter framførte "Oh Holy Night". Foto: Gunnar Wiik
Øyvin Sønnesyn var lykkeleg for to fulle hus og god stemning i Ulstein kyrkje torsdag. Foto: Gunnar Wiik