Bildeserie: Kulturshowet i Gurskebotn

Det meste klaffa då Kleven Myklebust inviterte til grilling, open båt og kulturshow i dokka på verftet fredag ettermiddag.

Vêret, folket og artistane var på plass då verftet skulle gjere stas på sitt største prosjekt gjennom tidene.

Sanco Swift heiter seismikkfartyet som er bygd på Myklebust og no skal leverast til reiarlaget Sanco Shipping i nabobygda Gjerdsvika. Nettopp dette drog adm. dir. for Kleven, Ståle Rasmussen fram.

- Det er svært gledeleg å få bygge eit så flott skip, for så å levere det rett rundt fjorden til nabobygda vår.

Ordførar Dag Vaagen var også til stades og var overraska over at den nye dokka hos verftet også fungerte som kulturscene.

- Den nye dokka har gjeve oss framtidshåp, men eg trudde ikkje den skulle bli ei kulturscene også.

For på enden av den massive dokken stod kulturscena, der eit rikeleg utval av unge og gamle talentfulle musikarar og dansarar fekk utfolde seg i den flotte akkustikken som dokken skapte.

Etter at NRK Super-profilen Christian Wiik hadde hatt barneshow med mellom anna adjektivhistorie, spelte den unge fiolinisten Eirin Myklebust, frå Gursken, kjende melodiar med Kevin Søvre Myklebust frå Gursken som pianist. Martine Almestad, som også er frå Gursken, følgde med song, akkompagnert av Torgeir Hauge og Leif Arne Nydal.

Neste ut var den eksentriske dansaren Magnus Amaka Einang som kopierte Michael Jacksons ikoniske dans til kjempehitten "Billie Jean" omtrent prikkfritt.

Deretter følgde Roy Muren og Arnhild Bjerkvik med ei fin tolking av Simon & Garfunkels "Bridge over Troubled Water".

- Har alt vi treng her

Så var det eit avbrekk frå musikken, der programleiar Maria Dyrhol Sandvik intervjua Sanco Shipping-sjef Ivar Slettevoll, Kleven-sjef Ståle Rasmussen og Sande-ordførar Dag Vaagen.

Om kulturinnslaga, sa Rasmussen at han tidlegare hadde fått spørsmål om kvifor dei ikkje leigde inn store nasjonale/internasjonale artistar til å opptre i dokka.

- Innslaga hittil har vist kvifor vi ikkje gjorde det. Vi har det vi treng her, skrytte han.

I det neste innslaget var Kleven-sjefen sjølv involvert som frontvokalist og gitarist. I eit slags Kleven-husband bestod medlemmane i tillegg til Rasmussen av Leiv Arne Nydal på fiolin, Eileen Hareide Brandal på vokal, Bertil Tødenes på trommer, Øyvind Sønnesyn på bassgitar, Ole Kristensen på gitar og Tore Roppen på tangentar. Dei rutinerte musikarane fekk publikum med på den populære Vamp-songen "Liten Fuggel" som dei spelte med bravur.

Songerinna Roweena Slettevoll frå Gjerdsvika inntok scena etterpå med ei tolking av Leonard Coens "Hallelujah", før elektronika-artisten Pandreas (Andreas Kleven Rasmussen) inntok scena. Han spelte eit kort sett med songar frå albumet han gav ut i fjor. Akustikken i dokka gav ein fin ekko-effekt til den allereie drøymande musikken til ulsteinvikaren.

Etterpå var det duka for nok eit innslag frå dansaren Einang. Han kombinerte rytme og kroppsbeherskelse i eit kreativt og eigenkomponert danseshow.

Opera-esset, Bror Magnus Tødenes, frå Eiksund gjorde også eit nummer. Han fortalde først til programleiar Dyrhol og publikum om den relativt tilfeldige reisa si frå å vere rockegitarist til å bli operasongar. 19-åringen framførte songar med marin tematikk og han gjorde det med ei stemmeprakt av den sjeldne sorten.

Den fine sommarkvelden vart avslutta med blodraud solnedgang i horisonten og allsong då Gursken-songen "Levande Lys" vart framført av Inga-Lill Lännerholm, Arnhild Bjerkvik, Roy Muren, Leiv Arne Nydal og Kevin Søvre Myklebust.