Tittelen ber bod om ein variert konsert neste søndag. Linda Nygård er dirigent for Haddal Musikkorps, som tel 23 musikantar pluss elleve 1. og 2.-årsaspirantar. I tillegg skal 3-5-åringane i Blåtind barnehage og 1. og 2.-klassingane ved Haddal skule vere med på songen.

Marte Barstad og Anna Hatløy frå Ulstein kulturskule blir med som songsolistar, det same blir Viktoria Moldskred frå Haddal.

Trude Gurskevik Knotten stiller som konferansier og regissør for framsyninga.