Den anerkjende musikaren Kurt Nilsen inntek Sjøborg kulturhus 31. oktober 2012 som ein del av den nye turnéen sin. Foto: Isabel Watson / kurtnilsenmusic.

Med over 700 000 selde album og fleire store hits kan mannen frå Bergen reknast som ein av Noregs fremste artistar. Og med fleire utselde turnear er det godt mogeleg han står på scena i eit utseld Sjøborg når han vitjar Ulsteinvik 31. oktober.

Studio og turné

Saman med Espen Lind som er produsent er Nilsen no i studio for å spele inn albumet som kjem ut i september i år. Singelen “Den gamle dansen” hadde urpremiere på årets Spellemannpris og som i tillegg spelast i dag på dei fleste radiostasjonar.

Turneen i forbinding med albumet har fått namnet “Kurt Nilsen – Norsk aften”. Turneen startar opp i Oppdal onsdag 10. oktober og avsluttast i Oslo Konserthus 24. november.

Med seg på turneen har han eit stjernelag av musikarar medan konsertane vil basere seg på det nye albumet og hans forteljingar rundt dette.

Gler seg

– Eg gler meg utruleg mykje til å kome ut på vegen å treffe folk. Det er nettopp det eg elskar med å vere artist. Det blir spanande å møte publikum og få presentere mine nye låtar for dei, fortel Kurt Nilsen i ei pressemelding frå managementet.