Dei lokale heltane Tomas Håndlykken og Chris Masters varma opp for Oslo-duoen. Masters fekk scenehjelp frå Leni Leirvik, som baud på koreografert dans til musikken. Det unge publikummet såg ikkje ut til å bry seg nemneverdig om det våtsame véret. Dei dansa og song med då hovudartistane for kvelden kom på scena med eige band.

Sidan Erik og Kriss starta deira samarbeid i 2002 - med ein ganske så uhøgtidleg russelåt - har duoen fått eit stadig større nedslagsfelt for musikken deira. Det var nærast tilfeldigheiter som skapte artistane som no har blitt norsk allemannseige. Sidan dei to valde å legge ut ”Bærumsgrammatikk” i 2004 har det berre gått éin veg. Etter å ha turnert landet og vore i rampelyset nokre år har Erik og Kriss opparbeida ein solid fanskare, og karane kviler ikkje på laurbæra med deira dryge 120 konsertshow i året.

I vinter kom suksessduoen sitt fjerde album, ”Back to business”, som dei frammøtte på Rådhusplassen naturleg nok fekk høyre fleire smakebitar ifrå. Varemerket til Erik og Kriss er framleis humor, ironi og til dels treffande tekster om forskjellige, meir eller mindre kvardagslege tema.

Spørsmålet ein kan stille seg er korvidt Erik Mortvedt og Kristoffer Tømmerbakke - som er deira eigentlege namn - lykkast med å spre positive haldningar med tekstene sine. Det kjem nok an på lyttaren. Nokre verselinjer frå hiten ”Ølbriller” går som dette: ”Du kjente meg først. Men jeg var tørst. Så drakk jeg deg pen. Som prinsesse Madelene.” / ” I’m bad. I’m single. I’m ready to mingle”.

Dette var tredje gongen Erik og Kriss heldt konsert i Ulsteinvik - ein stad dei etter eiga utsegn elskar. Kanskje fordi publikum her veit å setje pris på det dei to bærumskarane leverer frå scena. For endå ein gong strøymde ungdommen frå ulike bygdelag i distriktet til Erik og Kriss-konsert og song med på dei mest kjende låtane. Fengande refreng og rytmar fekk publikum til å danse og hyle av glede og begeistring.

Noko som vert sett på som unikt i bransjen er at Erik og Kriss gjer det aller meste sjølve. All bakgrunnsmusikk og alle beats vi høyrer som playback skal vere produsert av Kriss. Elles er dei som oftast to om å lage tekster og melodiar. Bandet dei hadde med seg var samspelt og gjorde sitt til at publikum fekk valuta for pengane.

Chris Masters og Leni Leirvik varma opp for Erik og Kriss.