Åge Grimstad og hans Sponders Booking arrangerte på 80- og 90-talet mange konsertar på Sunnmøre, mellom anna tre konsertar med Koinonia. I går var det endeleg duka for gjensyn og gjenhøyr, med hans gamle heltar.

Per Oddvar ”Prots” Hildre har allereie innleidd samarbeid med Grimstad om konsertprosjektet ”Syng med oss på kysten”, og var spesielt invitert til jamsession-eventen med Open Hands.

– Nesten surrealistisk!– Eg kjenner musikken til Koinonia frå den gongen dei blei kjent som eit kristent jazzrockband, tilbake på 80-talet. Eg hadde aldri opplevd desse karane live tidlegare; berre på plate. Endeleg klaffa det.

– Det er fantastiske musikarar, dette; heilt i verdstoppen. Intimkonserten på Skibet var heilt spesiell, nesten surrealistisk! ”Koinonia” betyr intimt fellesskap på gresk; det var det eg håpte å få oppleve på Skibet, og slik blei det. Kona mi og eg - saman med resten av publikum - fekk ei oppleving vi kjem til å hugse i lang tid.

– Av og til er dei berre to som spelar, men likevel kan det lyde som eit heilt orkester, seier Prots beundrande. Han likar skifta deira, og frå det spede, tandre til fullt trøkk. Frå det lette, klimprande til det groovy, suggererande. Skifta i tone og sjanger; dynamikken, samspelet.

Fantastisk improvisasjon I pausen mellom dei to avdelingane snakka Prots med Bjørn Holum og Greg Mathieson, trollmannen på tangentane. Mathiesen innrømmer at det var ei lang periode denne gruppa aldri øvde, men nettopp som ei følge av dette har dei blitt så samspelte live. Dei lyttar til kvarandre, gir rom til kvarandre og gir alt når dei er på scena framfor eit publikum. Innanfor ei definert ramme har musikarane full fridom til å leike seg, og gjer nettopp det. Det den eine finn på inspirerer dei andre. Når det går mot slutten av eit nummer veit dei alltid korleis det skal ende. Då lyder alt presist, med matematisk presisjon.

– Likevel, den same songen blir aldri heilt lik frå ein konsert til ein annan. Dette er noko av det som inspirerer oss, forklarer Mathieson.

– Makelaust publikum Første allsong kjem med ”Praise the name of Jesus”; publikum responderer villig på Abraham Laboriels invitasjon. Justo Almario - som spelar sax, klarinett og tverrfløyte - gjer det same på ”A little prayer for the children”, og folk i salen syng med, loud and clear. Andre høgdepunkt er “Quote of a Quote” og “Jesus is the light of the world”. Og når Laboriel dedikerer ein song til Ulsteinvik renn tårene bade hos publikum og dei på scena.

Etter konserten fortalde den levande legenda, enno med tårer i augene, at responsen frå publikum var makelaus:

– Varmen, nærværet, folk lytta og gav oss ein fantastisk respons. Lyfta oss opp. Vi blei djupt rørt. Dette er noko av det sterkaste eg har opplevd på ein scene, sa Laboriel, musikaren som har flest studioinnspelingar i verda. Han gler seg til cd-signering på Bok & Media i Ulsteinvik i ettermiddag, og til kveldens konsert på Sjøborg, og avsluttar:

– Spre ordet; la oss få oppleve denne magien igjen!