Det har vore ei varm pinse også innandørs i Eiksund. Medan folk flest har møtt varmen under blå himmel har ei rekke unge musikktalent finslipt teknikken og spelt inn musikk til den første Band Camp-plata - inne i Eiksund skule.

Pådrivar Bertil Tødenes har fått den dyktige lydmannen Svein-Erik Åmås til å stå for opptaka.

På rekke og rad har Volda Blueslag, Brænne Blues, Bluesbror & The Bandcampers, Bygdeschmertz, Jailbirds og Fasit stått på innspelingsprogrammet no i pinsa.

Eit utval

Musikken på CD-en blir eit utval av det som har vore skapt under dei to siste Band Camp-arrangementa. Noko har vore spelt inn før - t.d. live på Trandal av MR?Studio - og noko vart lagt på no i pinsa.

- At vi har valt å sleppe plata i Trandalen, har å gjere med at Bratt og Blått-arrangementet der har vore ein god støttespelar for oss, både på instruksjonssida og ved at Band Camp-musikarane har fått spele der og ta inn litt pengar.

Om musikken på den første Band Camp-CD-en seier Tødenes at det blir mykje blues, men også ein del anna; funk og jazzinspirerte ting - og pop.

Les meir i papirutgåva.