Dette fotoet stod på trykk i Vikebladet Vestposten 12. februar 1991. Det var eit nydeleg og kaldt vintervêr, og dåverande journalist i lokalavisa, Gunn Berit Gjerde, hadde tatt turen til Kjerringnesvatnet på Dimnøya for å lage reportasje om folk som boltra seg på isen. Der kom ho over dette motivet; snart 70 år gamle Harriet Sundgot, som storkosa seg på isen med reima bandyskeiser.

Den unge mannen ved sida av er sonen Odd Magne, som den gongen var 34 år gammal. Harriet Sundgot var fødd Lynge og frå Djupvika/Aurvåg. Ho vart gift med Henry Sundgot og flytta til småbruket hans på Kjerringneset. Dei fekk sju born; Svein, Anders, Inger, Aud, Hilde, Odd Magne og Henry Oddmar. Sistnemnde døydde berre fem veker gammal.

Harriet Sundgot var eit arbeidsmenneske. I tillegg til omsorgsoppgåvene i heimen, stelte ho dyra på garden og var ein meister til å slå med småljå, som ho slipte sjølv med bryne. Etter kvart tok ho seg også arbeid ved Ulstein Hotell, først i sentrum og vidare oppe i det nybygde hotellet på Varleite.

Då ho slutta fekk ho ein sølvterrin i gåve med takk for innsatsen gjennom 22 år. Dottera Aud Håndlykken fortel at mora hadde ei jernhelse og at ho likte godt både å gå på skeiser og ski.

Men det hender ting snur fort. Fotoet er altså teke 12. februar 1991, og same året, 10. august, døydde ho etter berre nokre vekers sjukelege.