Slik skildrar karane i Exposed To Failure låtane dei kjem med til Bell Ungdomsklubb fredag 8. april. Exposed To Failure sitt debutalbum «They Left Us Here» kjem i midten av mai.

– Gler oss

– I denne samanheng spelar vi promokonsertar på ungdomsklubbar for å nå ut til nye, unge og lovande lyttarar, seier gitarist Jogeir Haanes frå Gjerdsvika.

– Vi i crewet på Bell gler oss til å få bandet på besøk. Vi håpar mange tek turen for å få med seg den andre konserten i den nye ungdomsklubben. Kjekt når vi kan by på god musikk med lokalt høyre til, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

Dagen før dei kjem til Bell Ungdomsklubb i Ulsteinvik, spelar bandet på Kaihuset i Ørsta.

Suksess

Exposed To Failure har lenge før dei no slepper debutalbumet markert seg. Både frå scena, og med EP-en «We´er falling», som dei slapp i 2007.

– Vi spelte det neste året mange konsertar på klubbar og festivalar, med stor oppslutnad. Epen som var hundre prosent eigenprodusert selde veldig bra, held Haanes fram.

Songen «Star One» vart den naturlege promolåta, ei låt som vart spelt på radio både i Norge og i USA. Dei par siste åra har det vore lite livespeling for bandet, men dei har på ingen måte gitt seg.

Rockelåtar

Exposed To Failure er no stolte av å presentere sitt debutalbum. I lag med produsent og teknikar Fredrik Ingebrigtsen (Unset & Amira) og Hans Robert Bondhus (Chasm), har bandet sett saman eit album med elleve rockelåtar i høgt tempo.

– «They Left Us Here» inviterer deg med på mistankens paranoide reise til ein stad gløymt i tid. Ei verd der valet står mellom å komme seg ut aleine, eller bli igjen for å kjempe ein tapt kamp saman med dei han bryr seg om, skildrar bandmedlemmene.