Tore Renberg blei nyleg nominert til Bokhandlerprisen 2016 for romanen Du er så lys, som kom ut i haust. Sundag 30. oktober kjem han til Ivar Aasen-tunet saman med gitarist Alexander Flotve, og publikum kan vente seg ein underhaldande kveld med musikk, litteratur og gode historier.

Du er så lys er ei uvanleg bok om vanlege familiar, ei nervepirrande forteljing om det vi ikkje får auge på, sjølv når det skjer rett framfor oss. Litteraturkritikar Knut Hoem skriv at romanen «er ikke bare gyselig spennende, den inneholder også noen innsikter om dette landet vi bor i, som det er meningsfylt å få del i».

Første romanen på nynorsk

Du er så lys er den trettande romanen til den folkekjære og kritikarroste stavangerforfattaren, og den første romanen hans på nynorsk.

– Eg kjem frå ein stad i landet der språket ligg tett opptil nynorsk, sjølv om dei fleste skriv bokmål. Det kjendest ufatteleg frigjerande å gjere dette, seier forfattaren sjølv til nettstaden BOK365.

I Aasen-tunet les Renberg frå den nye romanen, syng frå den nye plata og vartar opp med forteljingar frå ein lang karriere. Og du skal ikkje sjå vekk i frå at Jarle Klepp, Helge Ombo og Hillevågsgjengen også dukkar opp.

Både forfattar og musikar

Tore Renberg debuterte i 1995 og har gitt ut ei rekkje romanar og barnebøker. Han har også skrive mykje for teater og film. Bøkene hans er omsette til tolv språk og særleg romanane om Jarle Klepp er mykje lesne, både i Noreg og i utlandet. Kompani Orheim fekk P2-lytternes romanpris i 2005 og Charlotte Isabel Hansen fekk Bokhandlerprisen i 2008.

Den kjende forfattaren er også musikar, og har mellom anna samarbeidd med Janove Ottesen frå Kaizers Orchestra og spelt i band med Karl Ove Knausgård. Tidlegare i år slapp Renberg sitt første soloalbum, Ingen nåde, og følgde i mai opp med singelen «Ikkje la di riva deg ner».