Plateaktuelle Chasm med Øystein Skattebu, Hans Robert Bondhus, Jørgen Øyre og Bjarte Øvregård spelar på Bell Ungdomsklubb fredag 2.mars.

- Vi er glade for å kunne by ungdommane i regionen på musikk av høg kvalitet, og håpar mange tek turen for å gjere dette til ein uforgløymeleg kveld, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

- Vi gler oss til å spele på Bell, seier Hans Robert Bondhus.

Han er gitarist og komponist i Chasm, som er fredagens hovudattraksjon på ungdomsklubben i Ulsteinvik.

Plateaktuelle

Chasm kjem med sitt debutalbum «They» same veke. To dagar før konserten på Bell, har det Volda-baserte bandet sleppefest på Rokken i Volda. Torsdagen er det ungdommane i Ørsta og Volda som får høyre Chasm på Ørsta-klubben Rust, før turen kjem til ungdommane på Ytre søre Sunnmøre når helga ringer inn.

Bandmedlemmane skildrar sin eigen musikk slik: «Alternativ rock med eit auge for populærmusikk. Melodiøst og med komplekse, mektige arrangement. Chasm er annleis, med eit utfordrande uttrykk. Gitardrive, men komplettert med lag på lag av synthar, samples og vokalharmoniar».

Sjølvutleverande

Chasm har sia 2009 turnert jamt, spesielt etter førsteutgjevnaden «Cacophonic EP» frå hausten 2010. Denne har no blitt spelt av 22.000 gonger på Spotify, og fekk strålande mottaking i Kina der bandet turnerte to veker i fjor sommar.

- Debutalbumet vårt «They» er resultatet av hardt arbeid og genuin speleglede. Det har vore lange dagar i studio og lange netter på vegen. Det er eit sjølvutleverande og sårbart debutalbum. Eit verk vi meir enn nokon gang gler oss til å presentere live på releaseturnéen i vår, seier Bondhus, som utgjer Chasm i lag med Øystein Skattebu, Jørgen Øyre og Bjarte Øvregård.

Progressiv rock

Med seg på Bell Ungdomsklubb har Chasm det Ulstein-baserte bandet Epic Noise. Dei som Chasm, har spelt på ungdomsklubben i Ulsteinvik tidlegare.

Epic Noise vart danna i mai 2009 og består av 18-åringane Hallvard Kleven Godø, Sveinung Liavaag, Sondre Grimstad Arnesen, Einar Blindheim og Joakim Knotten.

Bandet spelar sjølvkomponerte låtar innanfor sjangeren progressiv rock, sjølv om musikken har innspel i frå mange andre sjangrar.

- Når vi lagar musikk er det viktig for oss å lage noko som er forskjellig frå alt anna, og gjerne med humoristiske innspel. For tida jobbar vi med å lage nye låtar, uttalar bandet.

Unge talent

Det tredje bandet på Bell fredag er Ørsta-bandet Yertle the Tertle. Det unge bandet har alt blitt lagt merke til, mellom anna har dei delteke på UKM landsmønstringa, og har også fått musikken sin ut på Spotify.

Yertle the Tertle består av 16-åringane Anders Boska, Bendik Mork Folkestad og Sivert Eikrem.

Epic Noise spelar igjen på Bell. F.v. Hallvard Kleven Godø, Sveinung Liavaag, Sondre Grimstad Arnesen, Einar Blindheim og Joakim Knotten.