Det er andre gongen dei vitjar Herøy kyrkje med sine «Magiske Russiske Klanger» som det står på plakaten. Nytt av året er at Herøy mannskor og Ulstein mannskor har spurt om å få eit korseminar med kossakkane, på laurdagen, noko dei har sagt seg villige til.

Dette vil også vise igjen under konserten søndags kvelden, for under den 10 minutts pausen kossakkane skal ha, vil Herøy og Ulstein mannskor stille opp og underhalde publikum med meir lokal musikk.

- Det blir vel som å «hoppe etter Virkola» reknar vi med, for desse 8 proffe Bulgarske koristane har ein klang, presisjon og ein dynamikk som berre er fantastisk, men vi håpar å lære nokre «knep» frå dei, seier dirigent Robert Skeide.

- Vi trur kanskje det kan bli eit fellesnummer eller to også ...på russisk, om alt går som forventa.

”Black Sea Don Cossacks” er i utgangspunktet et mannskor som består av ca. 34 profesjonelle songarar frå Russland og Bulgaria. De fleste er tilsette i operahus i Russland og Bulgaria. Koret brukar to ganger i året å dele seg opp i oktettar, og reiser rundt i Europa med sine «magiske» konserter.

Dei syng tradisjonell russisk folkemusikk, songar frå den ortodokse liturgien (gjort kjend av Cossack-kora på 30 talet,) og slavisk musikk.

Ensemblet er kjent for sin heilt spesielle klang, og er populære gjester i kyrkjer, konserthus og operahus over hele Europa.

- Vi kan love ei intens musikkoppleving på internasjonalt nivå, frå dei djupaste kontrabas-stemmer til krystallklare tenorar i falsett, og med ein dynamikk frå det svakaste pianissimo til det sterkaste fortissimo, og alle styrkegrader der imellom. Dei fleste av kossakkane er også solistar, og med ein utruleg teknikk, seier Skeide og legg til:

- No har du sjansen til å få deg ei mannskoroppleving av dei virkeleg sjeldne! Førehandsal av billettar til redusert pris på Vestbang bokhandel og på kyrkjekontoret. Billettar kan også kjøpast gjennom www.billettservice.no Billettsalg ved inngangen , og det blir også CD àr å få kjøpt