Hastturen til Nessetelva er ein klassikar for Ulsteinspeidarane. Kor mange år denne turen har vore eit fast innslag på speidarane sitt haustprogram er uvisst, men turleiar Torstein Vattøy fortel at dei reiste i alle fall til Nessetelva i hans unge speidarår, det vil seie tilbake i 1990.

I år er det ei temmeleg stor gruppe som tek del, med stort og smått er dei rundt 50 personar. På programmet står mellom anna leirbål, sniking og elverally. Sniking er ein aktivitet som rett og slett går ut på å lure seg fram i ly av mørkret utan å verte oppdaga, medan elverally kort fortalt handlar om å frakte ein trestokk nedover elva over ein viss distanse.

Overnattinga skjer i hovudsak under presenningar. Meldingane er ikkje dei beste med tanke på opphaldsvêr, men turleiar Vattøy trur ikkje nedbørsmengdene vil ha nokon innverknad på trivselen.

- Vert det regn til kvelden tyder det berre at folk kjem til å legge seg i soveposane tidlegare, spådde han då vi snakka med han laurdag ettermiddag.