Annonsestansen i sosiale medium skal i første omgang vare ut året, skriv VG.

Fleire av svindelsidene driv falske kampanjar om at Posten sel pakkar som ikkje er henta, noko Posten ikkje driv med.

– Dette er kyniske svindelforsøk, som har gjort at vi har fått nok. No kan vi ikkje sitje stille og sjå på, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen.

Bilete og prisar på dei uhenta pakkane som svindlarane hevdar å selje, varierer. Felles er at dei alle bruker Postens logo. Berre på Facebook har Posten talt opp minst 71 svindelsider innan måndag.

Pettersen vil ikkje oppgi kor mykje pengar Posten bruker på annonsering på Facebook og Instagram, men seier at desse beløpa vil bli brukte andre stader i staden.

(©NPK)