Tenk deg eit klasserom der ingen, bortsett frå lokalpressa sine fotoapparat, lagar bråk, og der alle rekk opp handa og kjempar om å få svare når læraren spør om noko.

Og at det som blir spurt om eigentleg er meint for langt eldre elevar. Då har du ei godt bilde av kva som går føre seg ved Ulstein Expo denne veka.

Forskarfabrikken driv sommarskular over heile landet der femte-, sjette- og sjuandeklassingar får lære om naturfag på ein litt annan måte enn på skulebenken.

Ulstein Expo er ein ei rekkje stader der barneskuleelevar får prøve seg som forskarar denne sommaren.

– Skal bli geolog

Årets sommarskule har fått namnet “Glitrende krystallar, skjelettforsking og ville eksplosjoner”. Det er med andre ord bergartar, mineral, og andre tema frå mellom anna geologien som står i sentrum. Elevane får også mellom anna lære om kjemiske reaksjonar og lage modellar av vulkanar

– Vi får lære om steinar og vulkanar og slikt. Og så lærer vi om atom. Det er veldig gøy. Og så har vi mange utetimar der vi lærer mykje, seier Lars og Therese. Dei var med på sommarskulen i fjor også.

– Har de lyst til å jobbe med naturfag når de blir store då?

– Ja, eg skal blir geolog, seier Lars. Therese er ikkje heilt sikkert, men seier ho kanskje vil jobbe med naturfag.

Thea, som vi snakkar med seinare, er sikker i si sak.

– Naturfag er kjempekjekt, og eg skal blir forskar når eg blir stor, seier ho.

Ho synest det er mykje kjekkare på sommarskulen enn på vanleg skule, særleg fordi ho får lære så mykje utandørs.

Ungdomsskulepensum

– Målet er å få elevane til å forstå at naturfag er kjekt og veldig nyttig å kunne, seier Emilie Sveinung. Ho kjem frå Oslo, og studerer til dagleg medisin i Trondheim. Kvar sommar i fire år har ho vore “lærar” på sommarskulen. Dette er andre sommaren ho er i Ulsteinvik.

– Det er veldig givande å sjå at borna faktisk forstår naturfagspensum som eigentleg er meint for langt eldre elevar, seier ho.

Sveinang deler ansvaret for undervisninga med Veronika Pilskog og Martinus Warholm, som er oppvaksne her i området.