– Eg vil nok leggje mest vekt på tonane i foredraget mitt, mest fordi det er dette som er minst kjent, seier Aarset.

Under foredraget blir det høve til å høyre nokre av tonane, og her har Aarset med seg musikar og komponist Roar Goksøyr og musikklærar og songar Siv Aurdal. Det blir òg tid til litt allsong.

Neste år er det 150 år sidan Symra kom ut, og Aarset peikar på at halvparten av songane i denne diktsamlinga levde i songbøkene hundre år etter at boka kom ut (1863).

– Og mange av dei er klassikarar framleis. Eg tenkjer på «Gamle Norig», «Nordmannen», «Dei gamle Fjelli» og «Gamle Grendi». Som dikt er nok «Sumarkvelden» best, men den blir lite sungen. I tillegg har ein «Dei vil alltid klaga og kyta» frå Ervingen, seier Aarset.

Eit sentralt spørsmål i Aasen-forskinga er om Ivar Aasen laga nokon av tonane til dikta sine sjølv.

– Dette har vore mykje diskutert, og det endelege svaret får vi vel aldri. Aasen sjølv vrei seg unna spørsmålet. Han såg ikkje på seg sjølv som diktar, og slett ikkje tonediktar. Men nye opplysningar kan kome for dagen, og publikum vil få seg ei lita overrasking på dette punktet, seier Aarset.

Jakob N. Kobberstad frå Breim, skulepioner i Volda, musikar og god ven av Ivar Aasen, stod for notetillegget i den tredje utgåva av Symra (1875). Vi vil få høyre nokre av tonane som Kobberstad hadde med seg til Kristiania, men som ikkje kom med.

– Tonane blei sannsynlegvis vraka av Ivar Aasen, som var musikalsk og hadde fin teft for dei gode tonane, som framleis lever.