Der fekk publikum servert ein framifrå meny, der både storbandet og hotellkjøkenet gjorde sitt for å sørge for god førjulsstemning.

Med på laget hadde Ulstein Storband invitert med seg ei rekkje dyktige vokalistar. Først ut var Kaja Rode, som denne hausten har imponert i konkurransen ”The Voice” på TV2. Også i samspel med Ulstein Storband viste 19-åringen fram stor stemmeprakt då ho opna med ”It’s beginning to look a lot like christmas”.

Før publikum fekk sette tennene i kveldens første godbit frå kjøkenet, viste også dirigent Øyvind Granden Berg at han kan meir enn å svinge taktstokken, som vokalist på ”White Christmas”. Deretter fekk bandet seg ei lita pustepause, medan forretten vart servert.

Så var det klart for fleire dyktige solistar. Først fekk publikum stifte kjennskap til Mette Longva og ”Chestnuts roasting on an open fire”, før Oddlaug Grimstad Arnesen følgde opp med ”Have yourself a merry little christmas” som inngang til hovudretten.

Med både pinnekjøt og svineribbe innanbords var storbandet igjen klare for å klemme til, no saman med Thomas Håndlykken på ”Santa Claus is coming to town”.

– Det var ei låt med skikkeleg sprut i, men no tek vi den heilt ned. Vi likar kontrastar, fortalde dirigent Granden Berg då han introduserte Kaja ”Whitney” Rode og ”Who would imagine a king”.

Mette Longva og ”Winter Wonderland” var neste ut, ein song som passa godt til Ulsteinvik fredag kveld, der lett snø dekte by og land.

– No kjem det ein skikkeleg flørtelåt. Det har nærast blitt som ein tradisjon, sa Granden Berg før Oddlaug Grimstad Arnesen tok fatt på ”Santa Baby”, passande nok ei sukkersøt innleiing til desserten.

Ulstein Storband hadde med seg svært kompetente vokalistar til denne førjulskvelden på Sjøborg, men bandet stod også meir enn støtt på eigne bein, som då dei fyrte laus på ”Vil du vere med heng på” frå ”Putti plutti pott”, og lot musikarane skine utan vokalhjelp.

Så var det igjen Thomas Håndlykken sin tur, denne gongen med bergensdialekt, då han song Kurt Nilsen sin versjon av DumDum Boys-songen ”Stjernesludd”.

Kveldens kanskje aller vakraste nummer kom like før storbandet gav seg for kvelden. Kaja Rode song, medan Hege Nygjerde spelte piano på ”Silent Night”. Og då var det eigentleg berre for resten av Ulstein Storband, og ikkje minst for publikum, å lene seg tilbake og nyte den herlege musikken.

– Nydeleg!, som Øyvind Granden Berg slo fast.

Då var julestemninga så absolutt sikra, men storbandet var ikkje heilt ferdige. Som musikalsk dessert serverte dei nemleg Alf Prøysen sin ”Romjulsdrøm”, igjen med dirigenten som vokalist. Ei flott avslutning på ein flott kveld, der musikken og god julemat spelte på lag for å sikre ei velsmakande førjulsstund.