Styreleiar Ronny Nipen i Hjørungavåg Vikingpark inne i det som skal bli gildehallen. Der skal det mellom anna murast opp ei grue i golvet, og ljore i taket. I begge endane av gildehallen blir det rom som skal formidle historie om Slaget i Hjørungavåg, gamle byggeteknikkar, mat- og klestradisjonar. Foto: Anne Gry Eilertsen

Eit langhus for vikinghistorie

Bortsett frå nokre dagar på Norway Cup vart ferien til Ronny Nipen i år brukt til å byggje langhus på Leira i Hjørungavåg. Men styreleiaren i Hjørungavåg Vikingpark understrekar at det ikkje er han som har gjort den største innsatsen. Dugnadsinnsatsen på vikinghuset har vore enorm.