Dimnarevyen starta tidleg som sketsjar på Dimna IL sine medlemsfestar, men frå 1996 av byrja laget å ta inngangspengar og halde eigne fullverdige revyar i grendehuset med kommentarar til det lokalpolitiske livet og aktuelle kvardagshendingar. Revygjengen har fleire gonger kvalifisert seg til NM i Revy på Høylandet.

14., 15. og 16. mars blir det endeleg revy igjen på Dimna Grendahus. Og då snakkar vi fullskala revy.

For – gjengen bak Dimnarevyen arrangerte fleire «Humørkveldar» i 2023 – men, ikkje av den lengda publikum har hatt for vane å sjå Dimnarevyen i.

– Vi er naturlegvis veldig glade for at vi endeleg får setje opp Dimnarevyen igjen. Det har vore tøft å få det i gang igjen, men nytt materiale kombinert med noko av det vi serverte publikum under «Humørkveldane» – får vi sett saman ein heil revy igjen, seier Trude Gurskevik Knotten i Dimnarevyen.

Det blir ei førestilling torsdagen, to fredagen og altså ei på laurdagen. Dei tre førstnemnde blir med stolrekkjer, den siste med bord og stolar.

Øvingsrom: Dimnarevyen-gjengen har sitt eige øvingsrom på Dimna Grendahus. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Godt i gang med øvingane

Ho og dei andre som står bak er glade amatørar, men revyen er svært populær – og utanfor sjølve Dimnøya. Folk kjem langvegsfrå for å få med seg Dimnarevyen.

– Det er ikkje lange tida igjen til premieredatoen no, men vi er godt i gang med å øve, seier Gurskevik Knotten.

Planen er at dei to første revyane blir sett opp med stolrekkjer i salen – medan den siste blir avslutta med mat.

– Det var eit konsept vi prøvde då vi arrangerte «Humørkveld», og vi fekk mange gode tilbakemeldingar på akkurat det. Difor blir det litt ekstra den siste kvelden, seier Trude Gurskevik Knotten.

Hannkattar: Torgeir Grimstad (t.v.) og Svein-Børre Dimmen hadde ikkje pugga manus fullt ut, men imponerte likevel under ei gjennomkøyring av ein sketsj om to hannkattar. Ein kan førestille seg kva akkurat denne situasjonen handlar om. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Kattepine

Gjengen i Dimnarevyen inviterte Vikebladet Vestposten til ei av øvingane i helga, og der fekk underteikna sjå ein av sketsjane som blir med i årets revy.

Utan å avsløre for mykje, handlar sketsjen i utgangspunktet om to hannkattar som har ein samtale – og kva den endar med, ja – det får du sjå om du tek turen til Dimnarevyen.

Billettane til Dimnarevyen blir selde gjennom Sjøborg si side, sjoborg.no (ekstern lenkje) like over helga. Billettar til laurdagskvelden med middag blir selde gjennom Vipps etter info på Dimna Grendahus si Facebook-side.