Laksefiske er for mange ein lidenskap.

Ein eigenart ved laksen er at han ikkje tek til seg næring så lenge han står i elva. Dersom han høgg til på vegna, er det meir av irritasjon enn matlyst.

Laksen oppheld seg mellom eitt og tre år i havet før han finn vegen tilbake til elva der han vart fødd. Han kjem og går - frå ferskvatn til saltvatn og attende til ferskvatn - fleire gonger i løpet av livet. Mange har målt krefter med denne spreke, sterke og kjappe fisken, som kan forsere store og strie stryk.

Det latinske namnet hans er Salmo Salar, som tyder «ein som spring eller hoppar». Laksen er god til å hoppe.

Laksen i norrøn mytologi

I gudesegna les vi om Tor og æsene som jaga Loke. Loke gjorde seg om til ein laks og gøymde seg i Franangerfossen. Tor vassa ut i elva og greip tak i laksen ved sporen. Derfor vert det sagt at laksen smalnar bak. Laksen har også eit søkk bak feittfinnen, akkurat som ein neve har klemt til der. Det er eit av laksen sine kjenneteikn.

Store laksar og matauk

Verdas største laks vart fiska i Tanaelva i 1928 og vog heile 36 kilo. Det er fanga mange store laksar også på Sunnmøre. I Sunnmørsposten kan vi lese at Anton Larsen i 1948 tok ein laks på 24,5 kilo på stang i ei sunnmørselv. Skotten og lakselorden William Robert Russel leigde i mange år delar av lakseelva i Valldal. Han fekk ein laks på 29,2 kilo sommaren 1889. Ludvig Muri fortel at han sjølv frakta laksen frå Berdal til Muri der Russel budde.

I eit pengefattig Norge med låg levestandard gav laksen både kjærkomne inntekter og matauk. Laksen har derfor vorte kalla «Gudegåva» av forfedrene våre.

Hotelleigar på Sylte hotel i Valldal, Knut Osvik (1887-1973 ) og hotellpikkolo Petter Gustavson Aursnes (1915- 1951) frå Hjørungavåg med ein storlaks. Årstallet var 1938.-1939. Foto: Ukjend

Engelskmenn som flugefiskaren James Arthur Hutton (1862-1955) og Mr. Lampson var laksefiskarar på Sunnmøre. Amerikanaren Charles P. Smyth kom også til Sunnmøre for å fiske laks.

Engelskmennene fiska laks med fargerike fluger, noko som var noko nytt. Når engelske lordar fiska laks, vart det kalla kunst. Bygdefolket kalla fisket for matauk. Klepparen til lordane som fiska på Sunnmøre var ofte ein lokal person.

Den islandske skalden Snegle-Halle fornærma Kong Harald Hardråde under eit måltid. Då kongen tvang skalden til å ete store mengder graut, sa Snegle-Halle: «Drep meg, herre konge, men ikkje med graut». Utsegna skal ha redda livet hans.

I Norge fanst det kontraktar som sa at bøndene ikkje skulle servere laks til tenestefolket sitt meir enn 2-4 gonger i veka. Laksen er ein velsmakande fisk. Han er feit og kan by ein i mot og «vekse i munnen», viss ein ét den for ofte. Det kan bli fort både for mykje av både graut og laks.

Hølar og laksefiskarar

På Kvistad i Bondalselva har vi ein høl som vert kalla Kleven-hølen. Han er kalla oppatt etter brørne John, Asbjørn, Magnar og Arthur Kleven. Det var fyrst og fremst John og Asbjørn som fiska i denne hølen. John hadde campingvogn på Sæbø, medan Asbjørn hadde hytte på Bondalseidet. Ein gong drog dei til Alta for å prøve fiskelukka. Ottar G. Grimstad ordna med fiskekort for dei. I Altaelva er laksane i gjennomsnitt 12 kilo. Men Asbjørn og John fekk ikkje laks. Å fiske er ingen nøyaktig vitskap.

På Hareid har vi hølar som vert kalla Alla-hølen og Breivik-hølen. Breivik-hølen er kalla oppatt etter Sigvart Breivik, som budde ved sida av Hareidselva. Alla-hølen er kalla opp etter Arne Moldskred, som er både grunneigar til elva og laksefiskar. Han var godt kjend i hølen og fekk mykje fisk. Etter gravearbeid i elva er hølen i dag borte.

På Hareidlandet har vi hatt tallause dyktige laksefiskarar som til dømes Reidar Pilskog, Roger Korsnes og Pella Gjerde. Mange har sett på dette sportsfisket etter laks som kultur og ein flott tradisjon der ein får oppleve naturen på nært hald. Det har vore sagt at å oppleve stilla og lydane frå naturen er kanskje like viktig som sjølve fiskinga ved ei lakselv.

Den kloke hunden

Ein mann fortalde at han hadde ein fantastisk klok hund. Når han henta hagla, var hunden klar for rypejakt. Når han henta rifla, var hunden klar for storviltjakt, men når han henta fiskestanga, sprang hunden til åkeren og byrja å grave etter makk. Lakselorden Russel hadde ein hund som heitte Karo. Hunden har fått oppattkalla etter seg ein høl i Valldøla.

Sauneselva

Som 10-åring spurde eg ein eldre mann om han fekk noko då han stod og fiska i Sauneselva. Han sa til meg: «Du skal få 25 øre dersom du held kjeft.» Då forstod eg med ein gong at han ikkje fekk fisk.

Ein kjend fotballspelar på Hødd fortalde meg ein gong at det var to laksar som symde i Saunesosen. Den eine var på om lag 10 kilo, medan den andre var ein pjakk på eitt kilo. Den vesle pjakken gramma seg over at han var så liten. Då sa den store laksen: «Dersom han får deg på kroken, handelsmannen opp i Ulsteinvik, så blir du fort stor nok.»

Ventetida

Snart er ventetida over og laksefisket i elvane kan byrje. På Sunnmøre opnar fisket i juni. Då kan vi også høyre mange skrøner.

Ein mann fortalde at han hadde fått ein diger laks. Han tok bilete av han - og biletet, ferdig innramma, vog fire kilo.

Ein annan kar sa: «Har du høyrt om den store fisken eg fekk i fjor?» Svaret han fekk var: «Ikkje på ei stund, kor stor har han vorte no, då?»

Ein Stordaling sa til meg at det beste rådet for å få laks var å ha ketsjup på sluken.

Ein prest vart spurd kva han syntest om fisking på søndag. Han sa at fisking på søndag var heilt i orden, men denne skrytinga og overdrivinga av fangsten på måndag syntest han ikkje noko om. Så får vi håpe at laksefiskarane også i år får fangst, slik at røykelaksen vert berga til julehøgtida.