Viggo Brevik Jr og Tomas Håndlykken er to av dei som er klare for scena på ungdomsklubben i Ulsteinvik fredag. - Vi gler oss, og oppmodar fleire om å melde seg på for å vise kva dei kan, seier kameratane. Foto: Marie Flatin

Om lag 80 ungdommar tok turen til Bell Ungdomsklubb sist fredag og fekk seg ein "hardtslåande konsert" med det progressive rockebandet Echophone Blonde.

«For ein energi». «Dei spelar med sjela». Dette var eit par av tilbakemeldingane bandet fekk etter å ha servert sjølvlaga låtar med norsk tekst.

- Mange har uttrykt at det er så kjekt når det skjer noko på ungdomsklubben. Vi har difor som mål å ha eit arrangement kvar fredag fram til sommarferien, fortel ungdomsarbeidar Marie Flatin. Det er snakk om alt frå konsertar, diskotek, og som komande fredag; open scene for lokale talent.

- Dei som ønskjer lydprøve må melde frå til meg innan torsdag ettermiddag, held ungdomsarbeidaren fram. Ho takkar ungdomsklubben sine crew-medlemmar Ruben Voldsund og Karsten Heimland. -Ved at dei kan styre lyd og lys er det muleg å få til hyppige arrangement utan å måtte leige inn lydfolk utanfrå, utdjupar Flatin.

Nokre har alt meldt seg på fredagens arrangement. Viggo Brevik Jr er ein av dei, og han blir med på open scene for tredje gong. - For meg er musikk underhaldning, og eg likar å underhalde folk med musikken eg lagar. Difor gler eg meg til å stille på scena igjen fredag, seier Brevik. 15-åringen vil by publikum på to sjølvlaga låtar framført med song og pianospel.

Systera hans, Antonette Brevik (17), er også klar for scena.

Det same er Ingrid Øvrebøe (14).

Den fjerde påmelde så langt er Tomas Håndlykken (14). Trass sin unge alder er han som veteran å rekne på ungdomsklubben sin scene. 14-åringen blir no med for fjerde gong sidan i fjor haust. - Det er veldig kjekt å ha ein stad som ungdomsklubben der vi får høve til å vise oss fram ofte, seier Håndlykken. Han lovar publikum ein ny rap, og kanskje slår han også til med song og gitarspel. Håndlykken oppmodar fleire om å melde seg på: - Det er kjempekjekt!