Sjå også: Jubileumskonsert Sjøborg 5 år - del 2

Sjå også: Bildeserie frå Jubileumskonserten

Vokalprestasjonane var gjennomgåande av svært høgt kaliber denne kvelden, og dei frammøtte fekk oppleve det eine høgdepunktet etter det andre. Det var likevel to nummer som skilde seg ut; Rak Marie Hatløy sin himmelske versjon av ”I will always love you” og det Bror Magnus Tødenes leverte saman med Rein Alexander på ”Perlefiskerduetten” vil bli hugsa lenge. På begge desse spratt samtlege ut av dei gode Sjøborg-stolane og gav ståande applaus til dei dyktige vokalistane. Det skjedde like spontant som unisont; alle hadde opplevd den same magien. Det vart nok også tørka nokre tårer undervegs, det var fleire som innrømde det i pausen og etter konserten.

Når såpass få namn er nemnt, så skal det ikkje ta noko ære frå dei andre som leverte strålande songkunst frå scena. Dei unge talenta står nærast i kø i Ulstein og omegn - men i denne konsertomtalen nøyer vi oss med å vise til repertoaret.

Det hender at vokalistane set musikarane i skuggen; her må ein vere forsiktig når ein får ansvaret for å skrive ein konsertomtale. Også under denne konserten - som var todelt - gjorde musikarane ein jobb som i høgste grad letta jobben for vokalistane. Bandet til Sjøborg-veteran Ole Børud backa opp vokalistane i første halvdel av konserten, medan Musikklaget Ulf og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps var fjellstøtt tonefølgje i den siste halvdelen. Gullstrupane til koret - leia av Bjørn Holum - makerte seg særleg på den stemningsfulle ”Conquest of Paradise”, filmmusikk signert greske Vangelis.

Alt i alt og summa summarum ei heilt spesiell oppleving som seint vil bli gløymt.

- Vi har jobba ein del med denne markeringa, og no er den over. Det er nesten litt vemodig, men vi må jo berre sjå på desse fem åra som starten på ei kulturscene som skal glede oss i mange år framover, uttrykte kultursjef Leif Ringstad i Ulstein kommune.