Klar til ny utfordring: Før påska startar skal Melinda Skeide rydde arbeidsplassen sin ved Sparebanken Møre Hareid. Ho går frå banksjef til kulturkonsulent i Hareid kommune. Foto: Anne Gry Eilertsen

Frå bank til kultur

Mange undra seg nok då det vart kjent at Melinda Skeide hadde sagt opp stillinga som banksjef i Sparebanken Møre Hareid for å bli kulturkonsulent i Hareid kommune. Men sjølv syns ho ikkje det er så rart.