I år er det fem år sidan Sjøborg kulturhus vart opna. Dette jubileet blir feira med ein stor jubileumskonsert laurdag 9. juni. Her vil publikum få høyre Rein Alexander syngje duett med Tina Brandal. Han vil også syngje duett med Bror Magnus Tødenes. På denne konserten stiller lokale solistar, Ole Børud Band, Frid og Glede, Rein Alexander og Musikklaget ULF og Hasund Dimnøy Ungdomskorps. Dette blir første konserten til ULF/HDU?i Ulsteinvik etter dei deltok i NM.

Her vil publikum få høyre musikk frå fleire store konsertar og oppsetjingar som har vore på Sjøborg desse åra, som ABBA–The Show, Music&Movies og Back to the 80`s.

– Det blir ein liten nyttårskonsert på jubileumskonserten, lokkar Leif Ringstad og Kristine Brungot frå kulturkontoret i Ulstein kommune.

Vi må også nemne den årvisse konserten til Ulstein Storband, som i år hyllar Elvis Presley.

Mykje som skjer

Kulturskulen vil også ha si eiga jubileumsoppsetjing under Smak av Ulstein.

Tradisjonen tru blir det tivoli under Smak av Ulstein. Det blir barnekino, babykino, fleire konsertar og mykje anna kjekt som skjer desse dagane.

Opnar store Vikholmen

I fjor sommar vart det arrangert utekonsert med Åge Aleksandersen og Sambandet på Store Vikholmen. I desse dagar blir parkområdet Store Vikholmen ferdigstilt. Der er mellom anna kome bord og benker der folk kan slå seg ned og nyte den vakre utsikta.

Torsdag 7. juni blir det opning av Store Vikholmen med ordførar, Rolls-Royce og Haddal skulekorps.

På kvelden blir der ungdomskonsert med Serious Jokers, Fatty Sunroad, LidoLido og ein del lokale ungdomar. Mest truleg blir denne konserten utandørs på Vikholmen.

Ringstad og Brungot er stolte og godt nøgde med at dei har fått LidoLido til å kome til Ulsteinvik.

– Det er veldig stort. Det er ein veldig bra liveartist. Han får også gode meldingar på plate. Han trillar terningkast seks over heile fjøla, smiler kommunalsjefen for kultur.

Kulturkonsulent Brungot legg til at LidoLido har blitt kalla Noregs Kenny West.

Fatty Sunroad har også blitt eit populært live-band som kulturkontoret er glade for at stiller denne kvelden. Den nye ungdomsarbeidaren til Ulstein kommune, Aleksander Goksøyr, er vokalist i gruppa.

Fleire smakar

Smak av Ulstein er ei vidareføring av Ulsteindagane. Tanken er at smak kan vere så mangt. Ein kan smaka på kultur, mat og anna. I?år som i fjor blir mat ein viktig del av programmet under Smak av Ulstein. Fleire av spisestadene i Ulsteinvik blir med for å tilby varierte smakar desse dagane.

– Me vil gjerne at butikkar og kjøpesenter er med på å skape liv og røre under Smak av Ulstein, seier Brungot.

Kulturkontoret i Ulstein kommune vil oppmode alle om av setje av dagane 6. til 10. juni for å få med seg Smak av Ulstein.