Med eigne versjonar av låter som "Our House", "Teach Your Children", "Helplessly Hoping", "Woodstock" blir dette ei reise i ein viktig epoke av vår eigen rockehistorie. Vokal harmoniar firstemt, klangfullt og vakkert framført av våre fremste eksponentar i sjangeren.

Olav Stedje, Nynorskens pop musikk-einar sidan begynnelsen av 80 talet, ein dyktig songar med klassikerar som ”Vi vandrar Saman”, ”Ta meg med” og ”Spelemann” som alle er låtar mange hugsar og er glad i.

Egil Eldøen, frontfigur og songar i Lava, eit av våre internasjonale norske band. Turnerte i mange år verda rundt med Randy Crawford og har gjort ei rekke innspelingar. Relansering av Lava med bla. Svein Dag Hauge i 2003 med albumet ”Polarity”, ”Alibi 2005 og ”Symphonic Journey 2009”

Svein Dag Hauge, gitarist i Lava. Ein av noregs mest nytta låtskrivarar, musikarar og produsentar. Har i tillegg til å jobbe med Lava reist, produsert og turnert i ei årrekke med dei fleste; Sissel Kyrkjebø, Trine Rein, Maria Mena for å nemne nokre.

Elias Muri, songar og musikar i ei årrekke med stor suksess. Jobbar som sessionmusikar i ei rekke band. Jobbar for tida med eigen musikk for eigen solokarriere og er ein flittig brukt låtskrivar av andre norske artistar. Turnerer for tida som gitarist og songar for Maria Mena.