Guro Topphol trur det var tida i Ten Sing som fekk henne til å satse på musikken som leveveg.No er ho musikk- og songlærar i Bergen, der ho også dirigerer blandakoret St. Jakor, truleg eit av Noregs største kor. Foto: privat

Guro dyrkar musikken i Bergen

Brått ein dag er dei borte, desse ungdommane som engasjerer seg i politikk, idrett, lagsarbeid eller musikk i heimemiljøet sitt. Kvar blir dei av? For Guro Topphol (27) er svaret Bergen, der dirigerer ho det som kanskje er Noregs største kor.