Arrangementet på Hareid Hotell er ein del av “Opplev Hareid”.

Dag Ingebrigtsen platedebuterte i 1977 med undergroundgruppa “Subway Suck”, og det store gjennombrotet kom med “The Kids” og “Hun er forelska i lærern” i 1980.

I 1982 starta han hardrockegruppa “TNT”, som fekk stor merksemd internasjonalt.

Mr. Ingebrigtsen er mannen bak juleshowet “The Grønne Glitrende 3 & Dag” som har herja Noreg kvar jul sidan 1986.

Frå 1989 og utover i 90-åra toppa Dag Ingebrigtsen hitilistene saman med rockegruppa “TinDrum”, med låtar som blant anna “Drums of war”, I love to love og I was made for Rock`n Roll.

Etter fleire år med akustisk duo har han tatt steget og utvida til band igjen, og det er ikkje kva som helst slags besetning han kjem til Hareid med: Han harmed seg Mick Morken og Erik Eriksen, og kjende songar frå karrieren til Ingebrigtsen vil bli framført med høg allsongfaktor.